torsdag 22. mars 2012

Ein skikkeleg smart penn



Eg kom over ei side som presenterte SMARTPENN, og eg såg fort at dette kunne vere eit nyttig verktøy for meg i undervisninga mi.

Dette er verkeleg ein smart penn. Den kan ta opptak av alt du seier eller høyrer, i tillegg lagrar den alt du skriv og teiknar slik at du lett kan finne det igjen. Det er veldig lett å overføre notatane og opptaka dine til ein PC. Det er også svært enkelt å ta dele opptaka og notatane dine med andre via Evernote, Google Doc, iPad, Facebook, One Note og PDF.

Eg brukar den saman med elevar som treng tilrettelagt undervisning. Det er ein motivasjonsfaktor når me har lesing. Elevane les høgt og kan høyre sitt eige opptak etterpå. Me brukar den til frie samtalar og på andre område der me vil dokumentere kva me går gjennom.

Eg har brukt den på store forelesingar, eg tek notatar og pennen tek opptak av det som blir sagt – dermed får eg med meg ALT som skjer :-) Det er sjølvsagt viktig å få godkjenning av foredragshaldar først.

Pennen er rett og slett super til å forklare elevane t.d matematikk. Lærar kan trinn for trinn skrive og forklare korleis ein reknar ut ei andregradslikning. Dette kan leggast ut på Facebook eller Fronter og elevane kan høyre og sjå det om og om igjen til dei forstår framgangsmåten.

Ein kan også leike seg litt med pennen. Du kan spele piano med ulike rytmar til eller laste med ordbøker slik at pennen hjelper deg med spanske eller tyske ord som du ikkje hugsar. Som sagt – dette er verkeleg ein smart penn


Helsing Vibeke Rinde

tirsdag 13. mars 2012

Bruk lydfiler som vurderingsgrunnlag i norsk munnleg


Det er veldig kjekt å kunne få skrive eit innlegg om innovatørkollega Tor Egil Furevikstrand. Eg hadde gleda av å få høyre eit foredrag av Tor Egil på konferansen "Vurdering for læring", i regi av Udir.

Tor Egil lar elevane få levere lydfiler (som dei har laga ved hjelp av billig, men god teknologi) der dei analyserer ulike teksttypar i norskfaget. Elevar som normalt sett ikkje torer å ta ordet i ein «normal» klasseromssituasjon, har no fått høve til å levere fyldige og særs gode munnlege prestasjonar.
Tor Egil er som alltid engasjert og deler gjerne erfaringane sine dersom du tek kontakt.

mandag 12. mars 2012

Matematikk – Nyhende frå Cappelendamm og GeoGebra


For nokre veker sidan arrangerte Cappelendamm fagseminar for oss matematikarar. Dei hadde
sett i hop eit flott program med ei imponerande rekkje av forelesarar. Det er
ikkje kvardagskost å få møte ressursar som Markus Hohenwarter
(Geogebra-gründer), Thommas Norddal, Tore Oldervoll og Sigbjørn Hals i løpet av
ein og ein halv dag i Oslo.

Seminaret starta med ein liten repetisjon av korleis vi kan nytte gratisprogrammet MS
Matemathics 4.0 til å utføre utrekningar som lett kan setjast inn i Word. Dette
vil kunne vere tidsparande i samband med del 2 på matematikkeksamen. Vi fikk
også demonstrert ein ny (gratis) dansk reknemotor som heiter WordMat.
Reknemotoren kan integrerast i både Word og Geogebra og ser «skremmande»
effektiv ut. Eg har ikkje fått testa ut WordMat sjølv, men du finn meir
informasjon her: http://www.eduap.com/WordMat/ og ein liten demo her.

Sinusforfattar Tore Oldervoll heldt ei tordentale om korleis Udir tolka læreplanar og
kompetansemål i samband med vårens eksamen i R1. I følgje Oldervoll så vurderer
Udir dagens matematikklærarar til å vere så kompetente at dei tolkar
kompetansemåla som langt breiare enn det dagens lærebøkjer dekkjer. Eg har
sendt ut ppt-presentasjonen frå Oldervoll til lærarar i matematikknettverket, men
du vil også finne ei lenkje til alle presentasjonane frå seminaret i slutten av
dette innlegget.

Pedagogikkprofessor Thommas Norddal nytta forskninga til Hattie til å fortelje oss om kva som har målbar positiv effekt på læring. For meg var det overraskande å høyre at det å
ha variasjon i undervisninga ikkje har synleg positiv effekt på læringsresultat. Gode og trygge relasjonar mellom lærar og elev er i følgje Norddal ein svært viktig faktor.

Geogebragründer Markus Hohenwarter hadde tatt turen til Oslo for å fortelje oss litt om
bakgrunnen for Gegogebra og kva vi kan vente av nyhende framover. Det var
fasinerande å høyre at Markus hadde laga GeoGebraprogrammet i samband med
masteroppgåva si i matematikk. Når han var ferdig med utdanninga ville han
søkje seg lærarjobb, men det var ingen som kunne tilby han arbeid fordi det var
overkapasitet av lærarar i Austerrike. Heldigvis fikk Markus litt seinare eit
stipend for å arbeide vidare med GeoGebra. I dag er GeoGebra brukt av
millionvis av elevar over heile verden, og Markus har t.d 200 personar som
arbeider med oversetjing av programmet til ulike språk rundt om i verden.

Før skulestart hausten 2012 vil vi få ny versjon av GeoGebra, versjon 4.2. Denne
versjonen vil innehalde eige CAS-verktøy. I framtida vil vi også få Geogebra
5.0 som vil innehalde 3D-funksjonalitet. Vi vart også informerte om at det er
ei eiga nettside for norske brukarar som du finn på www.geogebra.no

Sigbjørn Hals avrunda seminaret med stille spørsmålet om elevane våre verkeleg lærer
matematikk i matematikktimane. Sigbjørn meiner vi har mykje å gå på når det
gjeld å arbeide med problemløysing i faget. Å løyse lange algebraiske uttrykk
over fleire linjer i kladdeboka meiner Sigbjørn kan vere demotiverande for
elevane.

Alltid hyggelige og smilande Anne Gry Sandvoll informerte oss om at vi ville finne
presentasjonane frå seminaret på følgjande lenkje: Vi vil også få nye passord til lærarsidene til Sinus ved å registrere oss på http://www.cdu.no/.

Gå på museum frå sofakroken (eller skulebenken)

No kan du vitje heile 87 museum og utforske 6 utstillingar og over ein million ulike objekt direkte frå sofakroken. Alt dette finn du på www.digitalmuseum.no, og det er sjølvsagt heilt gratis. Dersom du registrerer deg vil du i tillegg kunne dele kunnskap med andre, vurdere objekt og skrive kommentarar. Du kan også samle objekt i eigne mapper. Eg har prøvd ut tenesta ved å søkje på «jølster» og fikk ut heile 32 sider med ulike bilete relatert til historie, kunst og handtverk frå Jølster. Du finn også tilsvarande teneste i Sverige på www.digitalmuseum.se

tirsdag 6. mars 2012

Lær å bruke OneNote (digital ringperm) på 2 x 4 minutt


Kort fortalt er OneNote ein ny måte å halde orden på notatar som ein skriv på pc-en, og filer, bilete, presentasjonar som ein enten lagar sjølv, eller som læraren delar ut. Det vert ofte omtalt som ein digital ringperm med inndelingar i skiljeark og notatar. Programmet er særs enkelt å bruke både for lærarar og elevar, dersom ein har brukt f.eks Word før.
Å kjenne til bruk av OneNote bør etter kvart definerast som ein grunnleggande ferdighet både for lærarar og elevar. Alle lærarar har gratis tilgang til programmet via Office-pakken (Word, Excel, Powerpoint, OneNote, osv). Alle elevar i vårt fylke har også tilgang til OneNote, enten fullversjonen gjennom Officepakken, eller ein komprimert gratisversjon via windows live.

Del 1: Kva er OneNote
Del 2: Bruk av OneNote
Stor takk til Magnus Nohr som har delt desse videoane.
Du finn fleire OneNote videoar her