fredag 1. juli 2011

NKUL 2011: NRKSkole + Creaza

Vi har allereie skrive nokre innlegg frå NKUL. Her kjem eit interessant tips om ein ny kombinasjon digitale læremiddel.

NRKSkole er ein solid læringsressurs i seg sjølv. Fjernsynmateriale frå NRK sine arkiv er tilrettelagt for bruk i skulen ved at kvart videoklipp er knytt til emne, kjende namn, program og/eller læreplanar for barneskulen og ut vidaregåande trinn i norsk, naturfag og samfunnsfag.


Du finn óg ei ny teneste, "Min side", der du kan lagre TV-klipp i ditt eige arkiv, knytt til fag og læreplanmål. På den måten er det lett å halde oversikten frå år til år, med kva du har brukt tidlegare i opplæringa. Tenesta er brukarvenleg og tidsbesparande sett frå perspektivet til yrkesutøvande lærar.

Det som gjer NRKSkole særleg interessant, er at arkivet no vert krysskopla til tenesta Creaza. Creaza er eit redigeringsverktøy for video som fylkeskommunane kan kjøpe som tillegg i It´s learning og Fronter. Framleis er koplinga realisert kun i It's learning. Her kan elevar lage eigne videopresentasjonar, der dei klipp saman eige video- og lydinnhald med arkivmateriale frå NRK. Frå hausten 2011 stiller NRK med ein redaksjon som skal gå gjennom kvar enkelt elevarbeid og godkjenne det før det blir publisert som elevarbeid på NRKskole sin nettstad.

Eg meiner dette er ei særs interessant kombinasjon av læringsressursar som gjev ein god frampeik på korleis elevar flest kjem til å jobbe med kunnskapar og læring når digitaliseringa av skulesektoren er komen lenger (om 8-15år).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar