fredag 1. juli 2011

Fagdag om "Media mellom kulturar" organisert i sosiale media

Sosiale media er ein viktig del av ungdom sin kvardag. Eit mål eg har hatt dette skuleåret, er å finne måtar å ta i bruk sosiale media på i undervisninga for å motivere, engasjere elevane og treffe dei på heimebane. Eit prosjekt eg har lukkast med, er å integrere Etherpad, Facebook og blogg på ein temadag om Media og minoritetar i 3.klassen på medielinja. Det eg har gjort her er å fokusere på tema som knytepunkt for den sosiale mediebruken i staden for å tenke gruppe (eller klasse), som eg i utstrakt grad har gjort tidlegare.


Sjå her for innsyn på hovudsida: http://mediaogminoritetar.wordpress.com/.

Bloggen utgjorde rammen for temadagen om Media og minoritetar, og fokus var delar av eit læreplanmål. Eg sette opp mål for dagen på framsida av bloggen i tillegg til ein plan for korleis vi skulle jobbe med tema. Søk i aviser og arbeidsoppgåver frå læreboka (Asbjørnsen m.fl (2008): Mediemøte 2. Oslo: Aschehoug.) var sentrale rammer for hovuddelen av arbeidet- altså ein relativ tradisjonel arbeidsmåte. Medan eg brukte etherpad i starten av dagen for å gje elevane moglegheit til å sjølv å fordele arbeidsoppgåver og -ansvar, og til å få ein oversikt over kva dei andre elevane skulle jobbe med. Som eit brot i hovudløpet på temadagen, brukte eg ei Facebook-gruppe til å dele ein dansk wikipediaartikkel om Karikaturstriden som alle elevane kommenterte.

Elevane var svært nøgde med dagen, som dei sa: Vi har ikkje vore på Facebook i det heile, utanom det faglege i dag!" Og dei uttrykte det med ei viss overrasking over seg sjølve.

Det dei gjerne ville ha forbetringar på, var at eg som lærar skulle ha gitt vurdering på arbeidet og hatt tid til ein grundigare gjennomgong av det dei publiserte på nett. Sett i ettertid, kunne det vore på sin plass å hatt noko mindre innhaldspunkt i løpet av dagen, eller eventuelt dele dagen i to og fått med ei økt heimearbeid i mellom -både for elevar og lærar. Alt i alt er eg likevel svært nøgt med erfaringane frå temadagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar