torsdag 9. juni 2011

Voki

Voki er ei gratis, nettbasert teneste som enkelt lar ein lage snakkande avatarar som kan publiserast på nettet. Karakterane kan publiserast både på ulike nettstadar, bloggar, Facebook eller sendast med e-post. Ein kan også leggje ut ei lenkje i Fronter. Moglegheitene er mange! Her kan ein få både snakkande menneske og dyr - eller kanskje julenissen, Obama eller ein buddhist kunne vere av interesse?

Etter å ha tilpassa karakteren kan ein velje bakgrunn. Her er bakgrunnar for alle årstider og mange ulike miljø. Karakteren kan t.d. befinne seg i klasserommet, ved Eiffeltårnet i Paris eller i eit forrykande uver. Ein kan også laste opp eit eige bilete, og bruke dette som bakgrunn. Lyd kan leggjast til ved å ta opptak av eigen stemme enten gjennom telefonen eller ved å bruke mikrofon. Ein kan også skrive inn teksten og velje mellom ulike "stemmer" som gjer teksten om til tale, eller ein kan laste opp ei eiga lydfil.

Ein kan velje om ein vil registrere seg og dermed få ein konto med tilgang til avatarane ein har laga, eller ein kan nytte tenesta utan innlogging.  

Her er som sagt mange moglegheiter, men korleis kan ei slik teneste nyttast pedagogisk? Eg tenkjer meg to innfallsvinklar her. For meg som lærear kunne dette vere ein kjapp og enkel måte å lage ein intro til ein time, eller til å gi elevane beskjedar og oppgåver. Det går raskt, det er artig å lage til og kanskje elevane synest det er interessant å sjå på også? Det er uansett noko annleis, som kan vere med på å fange oppmerksomheta til elevane. For elevane sin del ser eg føre meg at Voki kunne nyttast i samband med t.d. ein presentasjon av eit gruppearbeid, gjerne i kombinasjon med eit blogginnlegg eller anna skriven tekst. Det er enkelt å lage til og krev lite førebuing og instruksjon frå læraren si side.

Eg lagde eit døme som eg tenkte kunne leggjast ut til elevane i forkant av ein geografitime. Her har eg skrive inn teksten, og nytta stemma "Stine" i talesyntesen. Eg prøvde først å skrive på nynorsk, men syntes resultatet vart betre på bokmål. Uansett ville det nok bli betre å lese inn teksten sjølv...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar