tirsdag 22. februar 2011

Mobilt breiband



For ca 3 veker sidan var eg så blåøygd at eg trudde eg kunne klare meg ei helg på hytta i Florø utan å ha tilgang til Internett. Dette gikk sjølvsagt ikkje, og laurdag morgon var det rett på El-kjøp for å få hjelp. Hadde høyrt at folk no etterkvart har gode erfaringar med mobilt breiband, og eg bestemte meg for at dette ville eg teste ut. Så var det dette med kva for leverandør eg skulle velje, og i tillegg kva type abonnement. Eg valde ei løysing som virka ganske gunstig prismessig. For kr 149 pr månad tilbyr Telenor fri bruk i helgar og etter kl 17 på kvardagar. Så var det full fart heim for å teste ut min nye duppeditt.

Eg valde å betale 1 kr ekstra for å få med eit modem. Dette modemet var berre å sette i usb-porten på pc-en, og så starta installasjonen av seg sjølv. Alt gikk smertefritt og ca 10 minutt seinare var eg på nett. Farten virka heilt ok, og eg fikk sjekka e-post, Facebook og nokre små filmsnuttar frå nrk.no. Vart i grunnen veldig overraska over at installasjonen gikk så greitt, når eg tenkjer tilbake på at vi for nokre få år sidan ofte måtte få besøk av breibandspatruljen til Telenor for å få tilgang til Internett.

Vart så pass imponert over dette produktet at eg bestemte meg for at dette er noko vi må ha tilgang til på jobben også. Begynte å utforske kva for ulike abonnementstypar Telenor tilbyr til bedrifter. Du kan finne ei oversikt over dette ved å trykkje her. Øsen som eg var etter dei positive erfaringane med mobilt breiband på hytta, valde eg gå for eit abonnement som heiter ”total”. Dette kostar litt pr månad (399 kr), men ein har då fri tilgang heile døgnet, og ein kan faktisk knytte heile tre SIM-kort til dette abonnementet. Det betyr at vi i praksis kan vere tre stk som har gleda av abonnementet samtidig. Det er eitt SIM-kort som du kan setje inn i usb-modemet som fylgjer med, samtidig som SIM-kortet i mobilen min no har fri bruk av Internett. For å få det tredje SIM-kortet må ein opprette eit tvillingabonnement på mobilen, noko som kostar kr 25 pr månad. Det tredje SIM-kortet har vi plassert i ein berbar pc frå Lenovo, som har innebygd modem.

Har derfor hatt gleda av å teste ut 3 ulike måtar å kople seg til Internett på via mobilt breiband.

1. Tilkopling ved hjelp av usb-modem

2. Tilkopling via blåtann (eller kabel) der mobilen fungerer som modem

3. Tilkopling via innebygd modem.

Eg har også køyrt nokre fartstestar for å sjå om dette varierer ut i frå tilkoplingsmetode. Eg oppnår som regel godt over 1000 kbps på både opp- og nedlasting av data.

I følgje seljaren hos mobildata i Førde skal det ikkje vere forskjellar i fart på dei tre ulike tilkoplingsmetodane, men mine erfaringar er at tilkopling via blåtann er den tregaste løysinga. Årsaka til dette er truleg at kvaliteten på modemet som står i telefonen ikkje er like god som på usb-modemet.

Einaste ulempa med totalabonnementet er at ein får redusert fart dersom ein lastar ned over 10 gb pr månad. Dersom du lurer litt på kor mykje dette er, kan du sjå eit eksempel her.

Det har også vore interessant (men litt skuffande) å teste ut om mobilt breiband kan nyttast når ein sit på bussen og arbeider. Mine erfaringar så langt er at dette ikkje fungerer så bra. På strekninga Førde – Skei, kom eg ikkje lenger enn til Kusslia før eg mista tilgangen. På ein busstur heim frå Bergen mista eg tilgangen i Knarvik, og farten var til tider ganske låg.

Det er likevel mange positive sider ved mobilt breiband. Når ein er på kurs eller møte så vil ein som regel alltid kunne kople seg raskt til Internett, utan å måtte bruke dei meir eller mindre trege trådlause nettverka som er rundt om på norske hotell. Eg ser og føre meg at mobilt breiband kan vere redninga når nettet på jobben er nede (sjølv om det er svært sjeldan :-)).

Det hadde vore spennande å høyre om andre sine erfaringar med mobilt breiband. Kan vi dra nytte av dette i undervisninga?

Nokre lenkjer til slutt:

Mobilt breiband frå Telenor er testvinnar.

Skal ein betale skatt av mobilt breiband (bedriftsabonnement)?

TT

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar