fredag 12. november 2010

OneNote Kurs i Sogndal vgs og Luster vgs

Denne månaden har vi hatt to digital kompetansehevingstiltak i Indre Sogn. Lidvar Berge introduserte OneNote i ein to-timers arbeidsøkt for frivillige lærarae ved Sogndal vgs. Omlag 25 møtte, og leiinga var godt representert.

Kompetansen var svært varierande, slik det plar vere på IKT-kurs for lærarar, men dei frammøtte var gode på kollegavegleiing, og inntrykket er at opplæringa vart ei god erfaring for dei fleste.

Lidvar presenterte Microsoft OneNote som eit verktøy for betre arbeidsflyt både administrativt og pedagogisk, og dei frammøtte fekk prøve seg på relevante oppgåver.

Jon-Arild Halland, ung lærar på idrettsfag, har alt teke i bruk OneNote i opplæringa av elevar, og vil gjerne fortelje om sine erfaringar på Lærarstemnet i Sogndal 1.april.



Veka etter hadde e-pedagog og avdelingsleiar Kenth-Rune Teigen Måren invitert Eva Bratvold til å halde eit to-timars inspirasjonsførelesning for lærarane ved Luster vgs.

Ho byrja med å gå gjennom ulike sider ved kva digital kompetanse er (klikk på bilete). Deretter presenterte ho ei rekke tips og triks for bruk av IKT i opplæringa.


Her er lenkjer til mykje av det ho gjekk igjennom i førelesninga (utklipp frå e-post):


- virtual magnifying glass (forstørrelsesglass på skjermen): http://evabra.files.wordpress.com/2010/02/magnifyer.pdf
- zoom-it, den andre måten jeg forstørret skjerm på: http://msutdanning.wordpress.com/2010/11/01/zoomit/
- mathematics, kraftig kalkulator for word og onenote: http://msutdanning.wordpress.com/2010/08/16/ny-add-ins-mathematics/
- interactive classroom, kobling powerpoint/onenote: http://msutdanning.wordpress.com/2010/09/08/interaktivitet-i-klasserommet/
- pixlr, bilderedigeringstjeneste: http://evabra.files.wordpress.com/2010/01/pixlr.pdf
- powerpoint/manipulere bilde (sv/hv med en fargedel på): http://msutdanning.wordpress.com/2010/11/02/fikst-lite-manipuleringstriks-bilde/
- var så vidt innom dette med passordsafe: http://evabra.files.wordpress.com/2010/04/passordsafe.pdf

Ellers er jo det meste av det jeg skriver om sortert her: http://evabra.wordpress.com/ikt-ferdigheter-man-b%c3%b8r-kunne/ og kanskje man spesielt burde se på denne: http://evabra.files.wordpress.com/2009/12/minimumskrav.pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar